Det fjerde og siste Heimen-nummeret i 2020-årgangen har ein konsentrasjon kring rettshistoriske spørsmål. Me kallar det ikkje eit temanummer i og med at det ikkje var planlagt og artiklane ikkje var tinga. Men både dette nummeret og det samla tilfanget av artiklar som redaksjonen får inn, vitnar om at det er ei høgst levande interesse for rettshistoriske problemstillingar innanfor den lokalhistoriske forskinga.

Eli Morken Farstad skriv om dei sjølvlærde bygdesakførarane i fyrste halvdel av 1800-talet. Med utgangspunkt i ei straffesak i Romsdal amt granskar ho den lokale praksisen med å bruke forsvararar utan juridisk eksamen og utan løyve frå kongen. Ho får fram at dette ikkje berre var ein innarbeidd praksis som vart akseptert, men også noko som bidrog til å presse rettskulturen i liberal retning. Bygdeprokuratorane styrkte rettsvernet til bygdefolket og vart ein yrkes- og karriereveg, og Farstad har gjort eit viktig arbeid for å kaste lys over eit felt det er skrive lite om.

Anita Wiklund Norli tek føre seg eit anna lite granska tema i artikkelen om jurisdiksjonen ved Fritzøe jernverk på 1700-talet. Arbeidarane ved Fritzøe var underlagde heile tre ulike jurisdiksjonar: Den allmenne kongelege, birkeretten til Larvik grevskap og bergretten ved jarnverket. Norli gjev oss ei innføring i den kompliserte og uryddige rettstilstanden og har granska korleis ei omorganisering gjennom 1700-talet førte til ein fastare og tydelegare struktur der det juridiske maktområdet til greven vart styrkt.

I artikkelen til Atle Steinar Langekiehl skal me attende til trolldomsprosessane på 1600-talet. Rettsprosessen etter bybrannen i Fredrikstad i 1653 er mykje omtalt både i byhistoria og i historieskrivinga om norske trolldomsprosessar. Langekiehl er kritisk til fleire av dei tidlegare framstillingane og har gått til kjeldene – artikkelen byggjer på ein omfattande gjennomgang av rettsprotokollane frå sakene mot systrene Anne og Marte Halvorsdøtre Rimer. Den eine vart avretta, den andre forvist frå byen. Langekiehl får òg fram korleis betalinga til meistermannen kan brukast som kjelde i kartlegginga av trolldomsprosessane.

Kva er rolla til frivillige i lokalt beredskapsarbeid, og korleis har dette teke form historisk? Det har Tora Aasland og Geir Sverre Braut ønskt å finne ut. Dei har intervjua leiinga i ni kommunar og fokuserer på korleis lokale tradisjonar har vore med på å forme samvirket mellom frivillige og profesjonelle. Redaksjonen set pris på å vise fram korleis lokalhistoria kan vere ein viktig ressurs når ein samfunnsvitar og ein medisinar tek føre seg eit emne som er høgaktuelt politisk og i forvaltninga.

Ein debattartikkel har me også denne gongen. Folke Forfang svarar på innlegget av Audun Dybdahl i førre nummer der Dybdahl framførte ein del innvendingar mot Forfangs artikkel om eigarforholda i trøndersk sagbruksnæring på 1600-talet (i 4/2019). Det er lite som gler oss meir enn debattar som bringar fram ny lokalhistorisk kunnskap!

Fire bokmeldingar er også med. Atle Døssland melder Lokalsamfunnet i verden. Norske lokalsamfunns plass i den første globaliseringen på 1600- til 1800-tallet av Ida Bull. Noreg og norske lokalsamfunn si rolle i den internasjonale økonomien er også tema for Ragnhild Hutchison si bok En kort introduksjon til Norges økonomiske historie på 1700-tallet som er meld av Ola Hornindal Grytten. Det vekte merksemd då Victor Norman fekk oppdraget som har resultert i En liten åpen by. Fortellingen om Risør 1873–2018, og Harald Rindes bokmelding må også lesast som eit innspel i debatten om boka. Veien til Haukeland. Haukeland universitetssykehus 1912–2012 av Morten Hammerborg og Teemu Sakari Ryymin er til slutt meld av Ole Trond Berg.

Til slutt nokre meldingar om redaksjonen og utgjevinga av Heimen framover: Eigaren av Heimen, Landslaget for lokalhistorie, har avgjort at 2020-årgangen blir den siste som også blir publisert på papir. Etter omlegginga av støtteordninga for nokre år sidan fekk tidsskriftet berre støtte til å gje ut den digitale utgåva, som måtte vere gratis, og abonnementet på papirutgåva måtte då bli sjølvfinansierande. Det førte til ein prisauke som har vore medverkande til at papirabonnentane har falle frå i for stort omfang til at papirutgåva framover kan produserast til ein akseptabel abonnentpris. Av same grunn kjem heller ikkje Historisk Tidsskrift lenger med papirutgåve.

Det gledelege når det gjeld framtida for Heimen, er at finansieringa er sikra for dei neste fire åra. Treårsperioden 2018–2020 var den fyrste innanfor den nye støtteordninga «Norske åpne tidsskrift innen humaniora og samfunnsvitenskap». Me fekk 9. oktober melding om at publiseringsstøtta er vidareført for åra 2021–2024 – 28 av 42 søkjartidsskrift fekk støtte. Det er Unit (Direktorat for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking) som administrerer ordninga. Universitetsforlaget og Idunn held fram som den gode forlagsheimen for Heimen, det er redaksjonen glad for!

Fireårsperioden for sogndalsredaksjonen er no midtvegs, og me har måtta gjere ei mannskapsendring. Redaksjonsmedlem Gunnar Yttri vart gledeleg nok tilsett som rektor for Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2021, noko som gjer at Gunnar forståeleg nok må seie frå seg redaksjonsvervet. Men han får heldigvis ein god avløysar i førsteamanuensis Pål Berg Svenungsen frå historikarmiljøet ved HVL i Sogndal som har sagt ja til å bli med i redaksjonen.

Me kan elles orientere om at 1/2021 vil vere eit temanummer med artiklar frå prosjektet om embetsmenn og bønder som har hatt base i historikarmiljøet ved Høgskulen i Volda. Elles er tilsiget av artikkelutkast til redaksjonen jamt og godt, men me ønskjer oss endå fleire, så det er berre å ta tastaturet fatt! Ta også kontakt om du kunne tenkje deg å vere bokmeldar for Heimen og om det er bøker du meiner me burde ha meldt. 

God lesnad og god jul!

Les heimen her: https://www.idunn.no/heimen/2020/04