Askvoll sogenemnd

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Askvoll sogenemnd i Askvoll kommune i Sunnfjord vart skipa i 1946. I nemnda sit det tre medlemmer valde av kommunestyret, i tillegg til tre varamedlemmer. Nemnda har arbeidd med å gi ut bygdebøker, Sogehefte for Askvoll og fleire andre publikasjonar. Sogenemnda har òg vore aktiv i innsamling av stadnamn, i vegskilting av kulturminne, avskrift og utgjeving av protokollane til Bernt Askevold.

Historikk

Eit kommunestyremøte i 1946 bestemte seg for å velje ei nemnd «som skal arbeide ut ei bygdebok for heradet». Nemnda besto av Abraham Loftheim, Mads Flokenes, Abraham Strømmen, Anton Stang, Anna Hovland, Sevrine Landøy og Tormod Rogne. Ein overlet til nemnda å definere korleis dette skulle gjerast.

Abraham Loftheim var leiar den første tida. Seinare var både Abraham Strømmen og Annas Holand leiarar. Sverre Landøy var leiar i periodar på 1970- og 80-talet. Helga Einen overtok som leiar på 90-talet. Frå 1999 til 2011 var Gaute Losnegård leiar, Atle Hellevik tok over og var leiar til 2015, då Gaute Losnegård kom tilbake og leia nemnda fram til 2019. Hilde Wåge vart vald som leiar i 2019.

Abraham Loftheim skreiv òg dei første bygdebøkene. Sverre Landøy var ei ildsjel som bidro med mykje interessant stoff.

Publikasjonar

  • Askvoll bygdebok. Utg. Askvoll sogenemnd. 1963-87. 4 bind.
  • Follevåg, Arvid A.: Askvoll. Kommunesenteret ved Sunnfjordleia. Utg. Askvoll sogenemnd. 2006. 202 s. ISBN 978-82-991605-9-9. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Frå Blegja til Bulandet. Biletbok for Askvoll. Utg. Askvoll sogenemnd. Red. Gaute Losnegård. 2003. 107 s. ISBN 82-991605-8-8. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Kvammen kapell 30 år : 1977-2007. Utg. Askvoll sogenemnd. 2007. 88 s. ISBN 9788299160575. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Losnegård, Gaute: Havfolk og fjordfolk. Allmennsoge for Askvoll. Utg. Askvoll sogenemnd. 2009-11. To bind.
  • Sogeskrift for Askvoll kommune. Utg. Askvoll sogenemnd. 1981-.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogenemnda (Landslaget for lokalhistories si kartlegging av sogelag/-nemnder 2019).

Eksterne lenkjer