Velkomen

.. til nettunet til Kviteseid historielag!Kommunehuset speglar seg i dei gamle vindua på biblioteket (Foto: Siri Johannesen)

Tunet har mange vindauge til fortid, med von om at det du ser
skal vere til nytte i notida og framtida. Å take vare på røynslene,
gode og mindre bra, gjer ein betre rusta til å take gode val for
ein sjølv og andre og dei som tek over!

Bli med i historielaget og form framtida …!

Bygdenamnet Kviteseid har fått ymse tolkingar millom dei lærde; men dei fleste meiner no namnet skriv seg frå den kvite, glitrande fjorden som ein støtt har for auga, (oldn. Hvitstir).

Husmannsplassar i Kilen, Bergsto, Fjågesund og Setflot

Søndag 10. mars blei den tredje boka i serien om husmannsplassar i Kviteseid lansert på Fjågesund grendehus.

Grendehuset var stuvande fullt og det blei servera kaffe og kaker.

Husmannsplassar i Tveitgrend og Dalane

 

Fredag 13. oktober kl. 19.00 blei den andre boka i serien om husmannsplassar i Kviteseid lansert på Misjonshuset i Kviteseid

Det var ein liten presentasjon av boka,
Anne Gravir Klykken sang,
og så blei det ein kaffikopp og litt tid til å røa.

Mange bruka høve til å kjøpe boka.

Husmannsplassar i Vrådal

No er boka om husmannsplassane i Vrådal her. Boka blei lansert på grendehuset i Vrådal 14. oktober. 80 møtte fram denne kvelden.

Boka kan du få kjøpe hjå Svein Straumsnes i Vrådal og på bokhandelen i Kviteseid som også har netthandel.

Årsmøte 2022

Torsdag 3. mars var det årsmøte i Kviteseid historielag på Waldenstrøm kafe i Kviteseid. Bra frammøte med fleire enn 20 stk tilstades. Årsmøtesakene gjekk greit unna. Det var stort sett attval over heile linja. Jørgen Moen gjekk ut av redaksjonsnemnda og Arvid Syftestad gjekk ut av valnemnda. Båe fekk blomar for vel utført arbeid i fleire år.

Styret for 2022 er: Leiar Johannes Skarprud, Dagny Ruud Lie, Sverre Bakken, Leif Roholdt, Håkon Heggtveit.

Etter årsmøtesakene var det matpause med loddsal. Etter pausa var det først litt orientering om arbeidet med husmannssoga for Kviteseid. Så Slapp Svein Dag Midtsund til med kåseriet sitt om jordskifte: «Jordskifteretten – ein problemløysar for alle som eig ein bit av Noreg»