• sekretariat@landslaget.org
  • Telefon: 950 39 727

Blogg/nyheter

Kurs og webinar - Muntlig historie for alle

sep 07 2021 Sekretariat
Kurs og webinarrekke 2022

Prosjekt “Munnleg historie for alle” og Landslaget for lokalhistorie inviterar til samarbeid om gratis kurs og webinar om munnleg historie over heile landet.  Dei som fyrst melder seg, får fyrst kurs!

Interessa for innsamling, dokumentasjon og bevaring av munnleg primærkjeldemateriale er i rask vekst over heile Noreg. Sparebankstiftelsen DNB har nå gått inn med midler for å støtte denne interessa og hjelpe fram lokale prosjekt.

Medlemslag i Landslaget for lokalhistorie kan få fylgjande utan kostnad:
  • Dagskurs om innsamling og dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale i form av videointervju.
  • Praktisk hjelp til oppstart av lokalt eller tematisk minnesamlingsprosjekt.
  • Oppfylgjing i form av webinar, video- og telefonstøtte.

Frå september 2021 til utgangen av desember 2022 kan vi rekke å besøke 24 historielag og / eller musé/bibliotek/lokalarkiv.  Kvart besøk vil omfatte to fulle dagar (ein dag kurs, ein dag praktisk innsamlingsarbeid). Innan to veker etterpå vil vi samlast til webinar/videokonferanse om vidare framdrift av det nye prosjektet.

Deltakartal på kursdagane kan vere mellom 5 og 20. Deltakartal på praktisk minnesamling kan vere frå og 2 oppover.  Deltakarar på webinar kan vere opp til 50.

Soge-/historielaget eller annan lokal samarbeidspartnar må halde lokale til kurs og intervjuopptak. Deltakarane må ha med seg eller kjøpe sin eigen lunsj. Kostnader til kursleiar og -assistent blir dekka av “Munnleg historie for alle”

Historielag som er interesserte, bør snarast råd ta kontakt, enten i form av ein epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller ein telefon til prosjektleiar Line Grønstad eller prosjektmedarbeidar Bjørn Enes - begge på tlf 55 20 15 55.

Om “Munnleg historie for alle”: Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Folkeminnesamling, Norsk Folkemuseum/Norsk etnologisk gransking og Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Memoar har ansvar for gjennomføringa. Prosjektet støttes av Sparebankstiftelsen DNB.

Ei rekke soge-/historielag og musé landet rundt har alt hatt slike besøk. Les meir på www.memoar.no/MHA og www.memoar.no/kurs



Foto: Margit Skrindo frå Hallingdal som blir intervjua av Anne Marie Kollhus frå Nesbyen Historielag. Fotograf: Bjørn Enes

Read 247 times
Rate this item
(0 votes)

Vi er også tilstede på Facebook. Besøk gjerne våre sider der.

Kontakt oss

  • Adresse: Bispegata 9b, 7012 Trondheim
  • Telefon: 950 39 727
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Bruk av informasjonskapsler

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for statistikk og for å kunne gi deg en god leseopplevelse.